Hopp til innhold
X
Innhald

Fyr i Vågsøy

Kråkenes fyr.

Kråkenes fyr.

Kråkenes fyr

vart bygd i 1906, avfolka 1983, og etter eit par år med omreisande fyrvaktarpersonell, vart det automatisert eit par år seinare. Under 2. verdskrig vart fyret utsett for flyåtak og brann ned, men vart gjenreist etter krigen. Kråkenes fyr har sidan 1994 vore brukt som bustad, kafé og overnattingsstad for turistar. Vertar er ekteparet Bettina Vick og Thomas Bickhardt.

Skongsnes fyr. Foto: Roald Levi Halsør.

Skongsnes fyr. Foto: Roald Levi Halsør.

Skongsnes fyr

i Nord-Vågsøy vart bygt i 1870. Fyret vart automatisert og avfolka i 1985. Fyrhusa på Skongsnes vert no drive som ubetent turisthytte av Ytre Nordfjord Turlag og DNT (Den Norske Turistforening.

Ulvesund fyr

på fastlandssida ved skipsleia vart bygt i 1870. Ulvesund fyr vart automatisert og avfolka i 1985. Dei siste åra har Sølvi Helen Hopland drive kafé og gjestehus med 15 overnattingsplassar i dei gamle fyrbygningane.

Ulvesund fyr. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ulvesund fyr. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hendanes fyr

ved Kvalsheimsvika i vest vart bygd i 1914. Fyret vart automatisert og avfolka 1963.

Krigsmål

Mange norske fyr vart på slutten av krigen angripne av allierte fly. Grunnen var at dei ville gjere det vanskeleg å navigere for tyske skip som frakta tropper frå nordflanken til kampane i Mellom-Europa. På Hendanes fyr vart ein gut sterkt skadd etter eit slikt åtak.

Vi ser Hendanes fyr til høgre i biletet. Til venstre ser vi Torskangerpoll. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vi ser Hendanes fyr til høgre i biletet. Til venstre ser vi Torskangerpoll. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.10.2011