Hopp til innhold
X
Innhald

Gamalt kremmarleie på Raudeberg?

Handkolorert postkort frå Raudeberg, teke før 1912. Eigar: Reidun Bendiksen.

Handkolorert postkort frå Raudeberg, teke før 1912. Eigar: Reidun Bendiksen.

Ved stranda på garden Raudeberg vart det på 1600-talet skilt ut eit lite jordstykke, Holzhammer, der det vart drive handel. Namnet skal staden ha fått etter Oluff Olsson Hammer som vart brukar i 1603.

I første halvdel av 1700-talet var det Benjamin Harboe og byborgaren F. Felgenhauer som var eigarar av Holzhammer. Benjamin Harboe var forstandar for det store ”hospitalgodset” i ytre Nordfjord. Det var eigedomar som tidlegare hadde høyrd under Selje kloster.

Det er få opplysningar om denne handelen på Holzhammer, heller ikkje om kva status denne hadde i høve til handelsmennene i Osmundsvåg på austsida av Ulvesundet. Dei hadde nemleg avtale med kremmaren i Selje om at Osmundsvåg skulle ha retten på handelen med folket som budde m.a. i Refvik, Vedvik og Raudeberg. Bygdebokskrivaren Edvard Os gissar på at handelen meir gjekk føre seg frå skuter som ankra opp på Skarevika utanfor Holzhammer.

På 1800-talet var det skjenkestove på Raudeberg. Det var der eit båtlag på fem menn frå Stryn hadde vore i 1878 då dei omkom på veg heim att til fiskeplassen sin i Vågsvåg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.04.2010