Hopp til innhold
X
Innhald

Gamle skysskifte

Osmundsvåg var ein av stadene der det var skysskifte. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Osmundsvåg var ein av stadene der det var skysskifte. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frå gamalt av var det skysstasjonar (skysskifte) på dei gamle handelsseta i Osmundsvåg, sjå Handelsstaden Osmundsvåg, på Moldøen, sjå Handelsstaden Moldøen, og Bryggja, sjå Handelsstaden Bryggja.

På skysstasjonane hadde skysskaffaren plikt til å skaffe roarar som kunne bemanne årene når statlege og kyrkjelege embetsfolk var ute på reise. Skyssplikta gjekk nett som militær tenesteplikt framfor alt anna: Folk måtte sleppe alt anna arbeid som dei hadde i hendene når «skaffaren» sende bod.

Næraste skysstasjonen i kyst leia sør for Måløy var Smørhamn, og nordanfor Osmundsvåg var det Selje/Eide.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.04.2010