Hopp til innhold
X
Innhald

Gangsø Eftf. AS

Gangsø Eftf. i Måløy. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gangsø Eftf. i Måløy. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Møbelforretninga Gangsø Eftf. AS i Måløy er ei av dei største lokaleigde møbelforretningane i fylket, og vart grunnlagd i 1941 av Christoffer I. Gangsø. Han hadde i 1939 starta med agentur- og grossistverksemd. Svigersonen Arne Frantzen vart teken opp som kompanjong like etter 2. verdskrig, og i 1949 bygde Gangsø eit fire-etasjes forretnings- og bustadbygg ved Gate 1 på Sæternes. Her dreiv han også ei tid kjøtforretning. Arne Frantzens son Per Gunnar overtok som dagleg leiar i 1979.

Eit nybygg på motsett side av gata vart bygt i etappar frå 1965 til 1985, og er no på fire etasjar. I 1998 kjøpte Gangsø Eftf. nabobygget «Føleidehuset» for å utvide møbelforretninga.

I 2008 bygde Gangsø eit nytt varehus på 7000 kvadratmeter på Myrane i Deknepollen, Måløy Stormarked. I tillegg til eigne forretningar, rommar bygget m.a. ein stor butikk for Europris.

Møbelvarehuset til Gangsø Eftf. på Myra i Deknepollen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Møbelvarehuset til Gangsø Eftf. på Myra i Deknepollen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.04.2010