Hopp til innhold
X
Innhald

Gunnar Domstein

Gunnar Domstein fødd 1958 frå Måløy. Konserndirektør og songar.

Gunnar Domstein fødd 1958 frå Måløy. Konserndirektør og songar.

Etter at faren Knut Domstein døydde i 1988, har Gunnar Domstein saman med brørne Rolf Domstein og Knut Magne Domstein (fødd 1963) leia utbygginga av selskapet til eit verdsomspennande konsern med interesser i fiskebåtar, mottaksanlegg, oppdrett, ferdigmatproduksjon og salsselskap for sjømat. Gunnar Domstein har vore direktør i Domstein Pelagic AS som i 2006 vart slege saman med Global Fish og Westcoast AS til eitt av dei største fiskeselskapa i verda for mottak og sal av sild og makrell.

Gunnar Domstein var styremedlem i Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening - FHL - frå 2007. I 2011 vart han vald til styreleiar i FHL.

Gunnar Domstein er kjend som ein dyktig songar, og har hatt fleire solistroller ved Opera Nordfjord.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.04.2014