Hopp til innhold
X
Innhald

Jakob August Pisani

Jakob August Pisani (1825–1889) frå Bergen, busett på Bryggja og i Lærdal. Postførar.

Jakob August Pisani (1825–1889) frå Bergen, busett på Bryggja og i Lærdal. Postførar.

Faren hadde rømt frå Toscana i Italia under Napoleons-krigane og busett seg i Bergen. Jakob var hornblåsar i artilleriet i Bergen før han i 1862 vart tilsett som postførar på ruta Bergen-Molde. I 1868 var han postførar i Stryn, og frå 1871 på postruta innover Nordfjord - frå Eide i Selje, over Berstadeidet og Rimstaddalen til Bryggja og vidare innover fjorden med robåt, heilt til Utvik. Han budde i denne perioden på Bryggja.

Nokre år seinare flytta han til Lærdal som postførar på ruta til Gudvangen og vidare til Bergen. Der arbeidde Pisani til han døydde av slag i 1889. Det går framleis gjetord i bygdene om den hardføre og livlege postførar Pisani, som alltid hadde med seg klarinett på turane med postsekken.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.03.2008