Hopp til innhold
X
Innhald

J.L. Eltvik Fiskeforretning

J.L. Eltvik-huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

J.L. Eltvik-huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

J.L. Eltvik Fiskeforretning vart grunnlagd i 1918 av Johan L. Eltvik frå Stadlandet. Han bygde sjøbu med fiskemottak på Midtgård i 1918, og 1919 forretningsbygg med daglegvarehandel, manufaktur og sko ved Gate 1 på Midtgård.

Eltvik kjøpte fiskebåten ”Onyx” i 1931, ein av dei store Måløy-snurparane i sildeåra på 1950-talet.

Han dreiv også fraktebåt ein kort periode etter krigen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.04.2010