Hopp til innhold
X
Innhald

Johan N. Blaalid

Johan N. Blaalid.

Johan N. Blaalid.

Johan N. Blaalid (1885-1950) frå Måløy. Rutebåteigar, fiskebåtreiar og skipsekspeditør.

Blaalid starta i 1923 Maaløy Ruteselskap som han bygde opp til det største rutebåtselskapet i Sogn og Fjordane. Selskapet spesialiserte seg på fisketransport og hadde faste ruter frå Sunnmøre og Måløy til Bergen. Maaløy Ruteselskap eigde i dei 52 åra det var i drift i alt 15 skip.

Blaalid starta og firmaet Joh. N. Blaalid som dreiv skipsekspedisjon i vel 50 år, m.a. for Kystruten Stavanger-Trondheim.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.03.2011