Hopp til innhold
X
Innhald

Klara Sefland

Klara Sefland starta landhandel på Raudeberg i 1935 under firmanamn Klara Sefland AS. Butikken dreiv ho saman med brørne John og Leidulf Sefland. På 1950-talet bygde dei også ei stor sjøbu like ved Blaalid-slippen.

Tidlegare hadde John P. Sæfland drive ein landhandel i bygda. Denne vart avvikla i 1928.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.02.2010