Hopp til innhold
X
Innhald

Kommandosentral på Angelshaug

Kommandoen for kystavsnittet låg det første krigsåret på Nordfjordeid, og stridshandlingane frå tysk side vart leia derfrå under Måløy–raidet.

Dette hadde samanheng med at tyskarane starta oppbygginga av kystartilleriet tidleg på nyåret 1941, og alt i mai same året etablerte ein stab på 25 mann seg på Nordfjordeid. Dei skulle ha kommandoen for alle kystbatteria som låg mellom Askvoll og Ålesund.

I august 1942 vart kommandoen flytta til Florø, og derfrå fekk ein kommandoen over alle kystfort frå Førdefjorden til Stad under nemninga «Artilleri-Gruppe Nordfjord».

I august 1944 vart kommandoen flytta til den vesle bygda Angelshaug nokre kilometer aust for Måløy, der tyskarane alt i mai 1940 hadde bygt eit torpedobatteri som skulle kontrollere innløpet til Nordfjord.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.10.2007