Hopp til innhold
X
Innhald

Kongevitjingar i Vågsøy

Kong Haakon helsar på lensmann Jakob O. Refvik under besøket i Måløy 20. juli 1949. Saman med kongen er prinsessene Ragnhild og Astrid. Ukjend fotograf. Eigar: Johannes Refvik/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Magnus den gode

stemna i 1035 bondehovdingane i Nordfjord til ting på Måløyna. Føremålet var å få dei til å hylle han som konge og slutte fred med dei.

Kong Fredrik IV

losjerte på gjestgiveriet på Moldøen då han i 1704 gjesta Noreg. På denne tida var det Karen Rafn Fester som dreiv handelsstaden der.

Kong Haakon VII

og dronning Maud gjesta Måløy under heimreisa frå kroninga i Nidarosdomen i 1906. Dei nytta hurtigruteskipet D/D ”Mira” som ”Kongeskip” og var også innom Loen, Olden, Florø, Balestrand og Gudvangen. I Måløy var ærendet å hente ombord fersk post, og dei kongelege steig ikkje i land. Kong Haakon VII gjesta også Måløy med kongeskipet ”Norge” i 1949. Saman med kongen var kronprins Olav, kronprisesse Märtha og borna deira.

Kong Olav opnar Måløybrua i 1974. Foto: Fjordenes Tidende.

Kong Olav opnar Måløybrua i 1974. Foto: Fjordenes Tidende.

Kong Olav V

vitja Måløy fleire gonger seinare: To gonger i 1958 – under signingsferda og ved 100-årsjubileet for Fylkesbaatane seinare på året. Han avduka minnesmerket over kaptein Martin Linge i 1966, og opna Måløybrua i 1974.

Kong Olav på besøk på rommet til Anna Nave på Bryggja aldersheim i 1974. Til venstre styrar Johanna Gjesdal. Foto: Karny Nave. Eigar: Johanna M. Hessevik/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kong Olav på besøk på rommet til Anna Nave på Bryggja aldersheim i 1974. Til venstre styrar Johanna Gjesdal. Foto: Karny Nave. Eigar: Johanna M. Hessevik/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kong Harald V

vitja Måløy saman med dronning Sonja og borna på signingsferda i 1991, og kongen opna det nye produksjonsanlegget til Domstein-konsernet på Trollebø 1993.

Kong Harald får omvising i samband med opninga av Trollebø-anlegget til Domstein-konsernet i 1993. Det er Rolf Domstein som orienterer. Mellom han og Kong Harald ser vi fiskeriminister Jan Henry T. Olsen. Foto: Fjordenes Tidende.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 

Sist oppdatert: 20.04.2010