Hopp til innhold
X
Innhald

Kraftforsyninga i Vågsøy

Vågsøy var den første kommunen i Sogn og Fjordane der vindkrafta vart utnytta. Vindmølleparken på Mehuken på Kvalheimsfjellet vart bygd i 2002. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vågsøy var den første kommunen i Sogn og Fjordane der vindkrafta vart utnytta. Vindmølleparken på Mehuken på Kvalheimsfjellet vart bygd i 2002. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Måløy fekk elektrisk lys 1911 frå eit motordrive kraftverk som ingeniør Per Drage bygde. Kraftverket produserte 143 Kw.

I 1914 tok kommunen over og bygde kraftverket ut som vasskraftverk med Skramsvatnet som magasin. Måløy var på denne tida inne i ein sterk vekst, og m.a. var det planar om å nytte den nye energikjelda til drift av elektrisk trikk frå Sæternes til Gotteberg!

Ein drøymde også om at fiskeflåten kunne drivast med elektriske batteri som kunne ladast frå kraftstasjonar på land. Det kommunale kraftverket i Måløy vart kombinert med vassverk. Skramsvatnet var hovudvasskjelda, men for å sikre nok vatn i tørkesomrar, vart det graven ein kanal som førte vatn frå Vetevatnet mellom Veten og Brurahornet.

Elektrofagskule i Måløy

Ingeniør Per Drage dreiv også ein privat skule i elektrofag for installatørar i Måløy sentrum. Seinare bygde han nytt kraftverk i Ulvefaldene i stranda sør for Raudeberg. Prosjektet vart eit økonomisk vonbrot for Drage, fordi mange av dei potensielle abonnentane hans fekk kraftforsyning frå Ålfotselskapet (sjå Ålfotsaka - det store økonomiske marerittet).

Verda lengste kraftspenn

I bygningane i Ulvefaldene dreiv Drage også produksjon av varmeovnar og andre elektriske artiklar, samt ein verkstad for mindre trevarer. Drages kraftstasjon er framleis intakt og vert teken vare på som kulturminne.

Verda lengste kraftspenn

Forretningsdrivande i Måløy, med Lars P. Lefdal i spissen, var fremste pådrivarane for å få bygd ut vassfalla i Ålfoten til ålmenn kraftforsyning, m.a. til Måløy. Verdas til då lengste kraftlinespenn vart bygd over Nordfjorden ved Maurstad for å kunne forsyne Måløy med Ålfot-straum.

I Ulvesundet gjekk kraftleidninga til Måløy i sjøkabel, lagt 1921. Lars P. Lefdal var leiar i direksjonen i Ålfotselskapet, som førde heile fylket opp i ei botnlaus gjeldskrise på 1930-talet (les og høyr om Ålfotsaka).

Eit kabelskip legg elektrisk kabel i Ulvesundet i 1921. Eigar av foto: SFE.

Eit kabelskip legg elektrisk kabel i Ulvesundet i 1921. Eigar av foto: SFE.

Kjøpte fallrettar

I 1917 kjøpte skipsreiar Jacob Kjøde fallrettane i den vesle elva i Raudegga aust for Almenning, men vassdraget var aldri bygt ut for kraftproduksjon.

Elektrisitetskomitéen i Davik kommune sikra seg fallrettane i Maurstadelva ved Bryggja i 1920, men heller ikkje dette vassdraget vart regulert. Like ved bygde Knut Nore eit mindre kraftverk i Noreelva.

Administrasjonsbygningen som YFK reiste på Sæternes, no eigd av SFE. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Administrasjonsbygningen som YFK reiste på Sæternes, no eigd av SFE. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ytre Fjordane Kraftlag

Då buet etter det fallerte Ålfot Interkommunale Kraftselskap vart gjort opp, vart Ytre Fjordane Kraftlag (YFK) skipa for å ta over selskapet sitt høgspentnett i ytre Nordfjord og ytre Sunnfjord. Den første store kraftstasjonen i ytre Nordfjord vart bygd i Skorgevassdraget i Kjødepollen i Selje kommune i 1938 (sjå Selje kommune) av YFK. YFK hadde hovudkontor i Florø, men i Måløy hadde selskapet både ingeniørar og linjemontørar og eit eige, stort administrasjonsbygg på Sæternes. YFK vart i 2002 kjøpt opp og lagt inn under Sogn og Fjordane Energi – SFE.

Første vindmølleparken i fylket

Kvalheim Kraft AS heiter selskapet som i 2002 bygde den første vindmølleparken i Sogn og Fjordane på Mehuken på Kvalheimsfjellet. Kraftanlegget med fem vindmøller kosta 30 millionar kroner, og er eigd av Buskerud Kraftproduksjon og Østfold Kraftproduksjon. Vindmøllene ruvar 75 meter over bakken. I 2010 vart vindmølleparken utvida med åtte nye vindmøller. Det auka årsproduksjonen frå 12 til 65 GWh.

Vindmøller til havs?

I 2007 vart det lansert planar for ein stor vindmøllepark til havs vest for Vågsøy og Stadhalvøya. I planane er det lagt opp til ilandføring av krafta i Vågsøy.

Fjord Miljøenergi AS

i Måløy vart skipa i 2006 av Arnar og Tor-Inge Kvernevik m.fl.

Ulvesund Varmekraftverk

- sjå Fjord Miljøenergi AS.

Havkraft AS

vart starta i Måløy i 2009 av Geir Arne Solheim. Selskapet har utvikla ein teknologi for produksjon av straum frå havbølgjer og har som må å få ein prototype i havet innan 2012, og at det skal vere eit kommersielt bølgjekraftverk i drift innan 2015.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.10.2011