Hopp til innhold
X
Innhald

Landhandlar i Vågsøy

Postkontoret på Raudeberg var i mange år i Berg-huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Postkontoret på Raudeberg var i mange år i Berg-huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Landhandlar og handelsstader i Vågsøy kommune.

OMTALAR ETTER ETTER STARTÅR:

Johan Scmidt Steen

starta handel i Måløy i 1868. Han hadde sidan 1858 drive handel i Borgundvågen på Stadlandet (sjå Selje kommune).

Tidleg handel på Silda

I 1865 starta Rasmus Johannesson landhandel og gjestgiveri med skjenkestove på Silda.

Rasmus D. Halvorsen

frå Stårheim starta landhandel i Vågsvåg i 1869 og bygde ut stor handelsverksemd med dampskipskai, sjøbuder og losjihus. Han var postopnar og telegrafstyrar, og dreiv tilsvarande verksemd også på Stårheim (sjå Rasmus D. Halvorsen under Eid kommune).

Vaagsøy Forbruksforening

starta i 1871 handel i ei sjøbu på Skram med Valdemar Ellingsen som styrar. I 1882 overtok Ulf Lem denne sjøbua og butikken.

Abraham Elifsen Skram

starta i 1881 handel på Skram i Måløy, men gav seg etter eitt år.

A. M. Aaland

starta i 1881 landhandel på Skram i Måløy. Dette er truleg den same A. M. Aaland som i 1883 bygde eit stort, toetasjes trehus ved Eidsgata på Nordfjordeid og starta handel der. Det er ukjent kor lenge han dreiv handel i Måløy

H. Bjørnstad

starta landhandel på Raudeberg i 1881. I 1883 tok han over ein landhandel på Barmen etter Søren Vederhus

R. Johannessen

starta handel i Måløy i 1883. Fleire detaljar vantar.

Stor i fisk og handel på Raudeberg

Mons J. Aase starta i 1886 handel på Raudeberg.

Arne Sølvberg

starta handel i Måløy kring 1890. Fleire detaljar vantar.

Kristen Sunde

Kristen J. Sunde frå Jølster starta landhandel i Måløy i 1895. Han var medskipar av Nordfjord Torskemel- og Guanofabrik A/S på Trollebø i 1904 saman med kjøpmann Erik Fønstelien.

O.L. Solheim landhandel

i Vågsvåg vart starta i 1897. Seinare overtok sonen Laurits Solheim landhandelen og dreiv til slutten av 1930-talet.

Søren M. Wedderhus

starta landhandel på Skram i Måløy kring 1901. Sjå Første fiskebudene i Måløy.

Olaf Refvik

starta landhandel og fiskehandel i Refvik i 1901. Han dreiv også gard og var i tillegg lensmann i Nord- og Sør-Vågsøy kommunar.

Brørne Andreas og Jeremias Berg

kom frå Jølster til Raudeberg og starta forretningsverksemd - sjå Forretningsfamilien Berg.

Jonas Brobakke

starta landhandel på Bryggja i 1905. Johan Lothe frå Hestenesøyra vart tilsett som butikkbetjent, og tok over handelen i 1930. I 1938 bygde Lothe nytt forretningsbygg. Johan Lothe dreiv handelen til han gav seg i 1995, 85 år gamal.

Johan Lothe

landhandel, Bryggja. Sjå Jonas Brobakke 1905 ovanfor.

Peder Kristensen

starta i 1906 landhandel og bakeri på Raudeberg.

P. Kristensens Eftf.

- sjå Peder Kristensen.

Moldøens Handelssamfund

dvs. Maaløy Handelsforening skipa 1907.

J. Steenslid AS

J. Steenslid AS vart starta som landhandel i 1907 av Johan Stenslid frå Haugen i Eid. Han bygde også ut trelasthandel.

Sakarias Dybedal

frå Selje starta landhandel i Almenning i 1908.

Peder M. Midthjell

starta landhandel på Seternes i 1909.

Kristian P. Antonsen

frå Stårheim starta i 1911 landhandel på Raudeberg. Firmaet dreiv også trelasthandel. Sjå elles artikkelen: Forretningsfamilien Berg.

Brunsviks Eftf.

Brunsviks Eftf. er eit av dei eldste handelshusa i Måløy, og er framleis i drift.

I dette huset dreiv Ivar Starheim landhandel på Raudeberg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dette huset dreiv Ivar Starheim landhandel på Raudeberg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ivar Starheim

frå Stårheim starta i 1914 landhandel på Raudeberg. Han vart også dampskipsekspeditør for Fylkesbaatane og Vestlanske Dampskipsselskap, og dreiv salting og eksport av sild. I 1918 bygde han ny butikk og sjøhus i 1922, men konsentrerte etter kvart verksemda om butikkdrifta. Sjå elles artikkelen: Forretningsfamilien Berg.

Skibenes & Søn A/S

grunnlagt 1915 av Olav Skipenes frå Nordfjordeid. Firmaet hadde også agentur på m.a. daglegvarer.

Olav Henden

starta landhandel på Skram i 1918.

Andreas Vaage

starta landhandel i Vågsvåg i 1921. Han dreiv slutten av 1950-talet.

Bernhard Tunold bakeri

Bernhard Tunold starta bakeri på Bryggja i 1924 ei leigde lokale. I 1951 tok sønene Ottar og Morten Dag over bakeriet, og satsa også på daglegvarehandel i eige nybygg på Bryggja i 1960.

Alv Aalen

overtok i 1924 ein landhandel som var starta nokre år tidlegare på Bryggja.

Klara Sefland

starta landhandel på Raudeberg i 1935 under firmanamn Klara Sefland AS.

Leif Wåge

starta i 1935 landhandel i Vågsvåg i nybygd forretningsbygg. Han dreiv butikken til kring 1990.

Berg & Eide dreiv butikk i dette huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Berg & Eide dreiv butikk i dette huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Magnus Berg og Monrad Eide

starta i 1939 landhandel på Raudeberg under firmanamn Berg & Eide. Dei selde manufakturvarer og konfeksjon, bygde ei større sjøbu og dreiv også sal av olje til fiskeflåten.

Berg & Eide

- sjå Magnus Berg og Monrad Eide.

Nord-Vågsøy Samyrkelag

vart skipa på Raudeberg i 1944.

Coop Marked Raudeberg

- sjå Nord-Vågsøy Samyrkelag.

Reinhardt Kvalheim

starta kring 1945 landhandel i Deknepollen. Sonen Olav tok over butikken i 1952, deretter hans syster Agnes Nord som dreiv den til kring 1980.

Wilhelm Kvalheim

starta landhandel på Kvalheim kring 1945. Han dreiv til 1951. Året etter starta Hans Myre (sjå denne - startår 1952) landhandel i bygda.

Måløy Samvirkelag

vart skipa i 1946. I 1952 var Måløy Samvirkelag den første forretninga i Måløy som gjekk over til sjølvbetjening. Laget gjekk konkurs kring 1960.

Den tidlegare Coop-butikken på Bryggja. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den tidlegare Coop-butikken på Bryggja. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bryggja Handelslag

starta i 1947. Handelslaget gjekk seinare inn i Nordfjord Handelslag/Coop Nordfjord, som i 1983 kjøpte nabobutikken til Tunold (sjå Bernhard Tunold bakeri). Coop-butikken på Bryggja vart lagd ned i 2006.

Kvamme og Oppedal

daglegvareforretning vart starta av Sivert Kvamme og Isak Oppedal på Gotteberg i 1952. Isak Oppedal hadde då drive landhandel i heimbygda Torskangerpoll i nokre år. Sivert Kvamme dreiv forretninga til 1972.

Hans Myre

starta landhandel på Kvalheim i 1952. Han dreiv til 1972. Myre hadde også postkontoret og telefonstasjonen på Kvalheim i nokre år.

I det næraste huset dreiv Hans Myre landhandel på Kvalheim. der var det og postkontor og telefonstasjon. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I det næraste huset dreiv Hans Myre landhandel på Kvalheim. der var det og postkontor og telefonstasjon. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Anne og Arvid Oldeide

starta landhandel i Holvik i 1956. Endre Oldeide har seinare teke over leiinga av butikken.

Severin Tennebø

starta landhandel på Tennebø i 1954. Sonen Steffen Tennebø tok over i 1958 og dreiv fram til butikken vart lagt ned i 1985. Han hadde også bensinstasjon. Steffen Tennebø dreiv frå 1969 til 1973 filial ved det gamle ferjeleiet i Deknepollen.

Sæternes Kolonial

vart starta i Måløy av Harald Oppedal i 1960. I 1964 overtok Arvid Hagen som dreiv butikken til han la ned i 1975.

Andreas Wik

starta daglegvarebutikk på Raudeberg i 1967.

Kiwi Raudeberg

- sjå Andreas Wik.

Rema 1000 i Deknepollen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Rema 1000 i Deknepollen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Rema 1000

opna daglegvarebutikk i Måløy i 1990. Matvarekjeda leigde lokale hjå Brunsviks Eftf. Seinare har Rema 1000 flytta til Deknepollen.

Almenningsbutikken. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Almenningsbutikken. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Almenningsbutikken AS

vart starta av Dag Almenning m.fl. i Almenning i 1996, då Steinar Dybedal (sjå Sakarias Dybedal) gav seg med daglegvarer. Almenningsbutikken vart avvikla i 2002.

Måløy Brygge

Første varehuset i ytre Nordfjord då det stod ferdig med 1. byggetrinn i 1997. Med andre byggetrinn i 1998 har Måløy Brygge eit samla areal på 6000 kvadratmeter.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.04.2010