Hopp til innhold
X
Innhald

Lars Midtgård

Lars Midtgård (1876–1955) frå Måløy. Handelsmann og fiskebåtreiar.

Lars Midtgård (1876–1955) frå Måløy. Handelsmann og fiskebåtreiar.

Han emigrerte 14 år gamal til USA, der han slo seg opp som farmar og entreprenør i Madison, Wisconsin. I 1903 vart han medeigar i fiskedampskipet «Kveldulf» i Måløy. Midtgård vende heim i 1914 og arbeidde som engelsktolk i Tollvesenet i Måløy under 1. verdskrig.

Han bygde i 1920 eige forretningsbygg med kjøtforretning på Midtgård, og dreiv stort med eige slakteri og sal av kjøtvarer til Bergen. Sønene Artur, Sivert og Leif kom med i verksemda på 1930-talet.

I dei rike sildeåra etter 1. verdskrig dreiv firmaet Lars Midtgård & Søn fire fiskebåtar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.04.2010