Hopp til innhold
X
Innhald

Måløy Idrettslag

Prosesjon i Måløy sentrum framfor eit turnarrangement. © Fylkesarkivet.

Prosesjon i Måløy sentrum framfor eit turnarrangement. © Fylkesarkivet.

Måløy Idrettslag vart skipa i 1910 og heitte først Moldøen Turn og Idrætsforening. Idrettslaget bygde saman med Måløy Ungdomslag forsamlingshuset ”Friheim” på Gotteberg i 1920 – på folkemunne kalla Turnhallen.

I mellomkrigstida hadde laget ei dyktig turntropp, og herregruppa var i 1938 Noregsmeisterskapen i turn kl. 3. Dette var første NM til Sogn og Fjordane fylke i lagidrett.

I 1945 slo laget seg saman med Måløy Fotballklubb, og namnet vart Måløy Idrettslag.

Frå opninga av Måløy Stadion i 1958. Ordførar Marius Larsen tek avsparket. Måløyspelarane er frå venstre Reidar Furnes, E. Gangsøy og Einar Blålid, medan Per Verlo er dommar. Motstandar var Florø. Ukjend fotograf. Eigar: Vågsøy kommune/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Måløy Stadion vart opna i 1958 og oppgradert med m.a. skikkelege garderobar i 1982

I 2002 vart fotballaget slege saman med Nord-Vågsøy-laget Tornado til ein felles fotballklubb under namnet Tornado Måløy Fotballklubb.

I samband med 100-årsjubiléet til Måløy Idrettslag vart det i 2010 gitt ut ei jubileumsbok - "MIL i 100".

Måløy Stadion. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Måløy Stadion. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 13.12.2012