Hopp til innhold
X
Innhald

Måløy vidaregåande skule

Frå 1961 til 1974 heldt yrkesskulen til i denne bygningen på Sæternes. No er det Selstad AS som eig den. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frå 1961 til 1974 heldt yrkesskulen til i denne bygningen på Sæternes. No er det Selstad AS som eig den. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Måløy Yrkesskule starta 1953. Det første jern- og metallkurset heldt til i leigde lokale i losjelokalet «Havglimt».

I 1961 bygde fylket ny skulebygning på Sæternes. Her vart det også m.a. line i saum. Yrkesskulen gjekk seinare inn i Måløy Vidaregåande Skule som tok i bruk nytt skuleanlegg på Tennebø på fastlandssida i 1974 - same året som Måløybrua opna. Det fråflytta bygget på Sæternes vart i 1985 kjøpt av Selstad AS.

Måløy vidaregåande skule (t.h.) og Nordfjordhallen (t.v.). Foto: Ottar Starheim, NRK.

Måløy vidaregåande skule (t.h.) og Nordfjordhallen (t.v.). Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skulesenter og storhall på Tennebø

Like ved skulen på Tennebø vart Samfunnshallen bygd i 1978, og storhallen Nordfjordhallen i 2001. Skuleanlegget på Tennebø fekk stort nybygg på 2800 kvadratmeter til dei maritime linene i 2005 - Måløy Maritime Senter. På dei maritime linene får elevane utdanning i akvakultur, fiske- og fangst, navigasjon og i andre maritime fag. M.a. inneheld bygget ein simulator for ei skipsbru der elevane kan trene på navigasjon og styring.

Måløy Maritime Senter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Måløy Maritime Senter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.10.2011