Hopp til innhold
X
Innhald

Måløyna var gamal tingstad

Slik tenkjer illustratøren Ståle Ådland seg at det såg ut når det var ting på Måløyna.

Slik tenkjer illustratøren Ståle Ådland seg at det såg ut når det var ting på Måløyna.

Måløyna – eller Moldøen som den også vert kalla – ligg midt i Måløysundet og delte tidlegare sundet i to trange løp. Det vestre løpet var den tidlegare hovudleia, men vart i 1951 stengd med ein molo for å gje Måløy hamn betre livd. Samstundes vart austre løpet mot Kulen mudra djupare og breiare og overtok som ny seglingslei. Men fleire grunnstøytingar og havari gjorde at austre løp har vorte utvida fleire gonger – sist like før Måløybrua vart bygd over sundet tidleg på 1970-talet.

Samla hovdingane i 1035

I norrøn tid var Måløyna tingstad for bøndene i ytre Nordfjord, og namnet på øya har truleg opphavet sitt i det norrøne ordet ”màlstefna”. Etter Heilag-Olavs fall på Stiklestad i 1035 samla sonen Magnus den gode hovdingane i Firdafylket til ting. Truleg vart dette tinget halde på Måløyna. Magnus ville ha nordfjordingane til å hylle han som konge, og som motyting skulle han slutte fred med dei. Màlstefna vart truleg halde i søkket på sørsida av Måløyna, der krigsminnesmerka no er reiste. Historikarar har sidan samanlikna dette forliket gjort på Måløyna med det engelske fridomsbrevet, Magna Charta, som vart underteikna på øya Runnymede i Themsen i 1215. Men kong Magnus gjekk frå mange av lovnadane som han gav på Måløyna. Han styrde så hardt at det kom til oppreist fleire stader i landet

Måløyna er tusenårsstaden til Vågsøy kommune, og folk som kjem dit kan  lese om forhistoria på ei informasjonstavle. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Måløyna er tusenårsstaden til Vågsøy kommune, og folk som kjem dit kan lese om forhistoria på ei informasjonstavle. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Omtala i Bergsogliversa

Sigvat skald dikta dette såleis i Bersogliversa:

*Vert ikkje vreid på vener *som viseleg råd vil gjeve *og open tale brukar. *Di eiga ære det tener. *Folket, som sant det seier, *får no verre lover *og andre enn dei du eingong *i Ulvesund lova.

*Kven er det som eggjar deg, herre, *til ditt ord som hardlynt å bryte? *Altfor ofte, min konge, *egger kvasse du brukar. *Ein sigersæl fyrste alltid *fast på sitt ord skal halde. *Gjevne lovnader gløyme *aldri for deg seg sømer.

I 1040 eller 1041 kom det endeleg til forlik mellom kong Magnus og folket, og avtalen frå Ulvesund/Måløyna vart stadfesta på ei stemne i Langøysundet på Nordmøre.

I dag fungerer Måløyna mellom anna som fundament for Måløybrua. Foto: Arild Nybø, NRK.

I dag fungerer Måløyna mellom anna som fundament for Måløybrua. Foto: Arild Nybø, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.10.2010