Hopp til innhold
X
Innhald

Marius Larsen

Marius Larsen.

Marius Larsen.

Marius Larsen (1895-1977). Telegrafstyrar og politikar, Høgre. Telegrafeksamen 1917, og gjorde deretter teneste ved telegrafstasjonen i Oslo, Bergen radio, i Trondheim, Lødingen og ved Sørvågen radio før han vart telegrafstyrar i Rørvik 1919–1923, og frå 1923–1967 i Måløy. Ordførar i Sør-Vågsøy frå 1952 til kommunesamanslåinga 1965. Deretter ein periode som første ordførar i storkommunen fram til 1967. I fylkestinget var Larsen i lange periodar medlem av fylkesutvalet.

Far til Per Gunnar Larsen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.10.2011