Hopp til innhold
X
Innhald

Moldøens Handelssamfund

Kjell Elde skinna 100 pigghåar på 18 minutt og 27 sekund på Måløydagane i 1981. Foto: Fjordenes Tidende.

Kjell Elde skinna 100 pigghåar på 18 minutt og 27 sekund på Måløydagane i 1981. Foto: Fjordenes Tidende.

Moldøens Handelssamfund vart skipa i 1907. Laget bytte seinare namn til Maaløy Handelsforening. Laget stod m.a. i spissen for skiping av Måløyferja, spela ei sentral rolle i arbeidet med tenlege rutesamband for fisketransport til utlandet og i arbeidet med fastlandssamband med Måløybrua.

Måløydagene vart første gong arrangert av handelsstanden i Måløy i 1976. Alt første året rekna ein med at arrangementet drog til seg rundt 8000 menneske. Helge Hjelle var i mange år messegeneral for Måløydagene.

Eit populært innslag dei første åra var ”verdsmeisterskap” i håskinning – d.v.s. skinning og filetering av pigghå som var det viktigaste råstoffet for fiskeindustrien i Måløy frå kring 1960 til ut på 1980-talet. Rekorden vart sett i 1981, då Kjell Eide greidde å skinne og filetere 100 pigghå på 18 minuttar og 27 sekund – d.v.s. 11 sekund pr. fisk i gjennomsnitt.

Helge Hjelle var mannen bak Måløydagane, som Maaløy Handelsforening arrangerte. Foto: Erlend Blaalid Oldeide, NRK.

Helge Hjelle var mannen bak Måløydagane, som Maaløy Handelsforening arrangerte. Foto: Erlend Blaalid Oldeide, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.02.2010