Hopp til innhold
X
Innhald

Nordfjord Frukt- og Saftfabrikk A/S

vart bygd på Seterneset i Måløy i 1920.

Selskapet vart reorganisert i 1925 og fekk namnet Nordfjord Preserving Co. A/S. Etter konkurs i 1935 overtok industrimannen Johan Gotteberg. Han hadde tidlegare starta hermetikkfabrikken Statt Canning på Midtgård i Måløy. Gotteberg dreiv elles hermetikkfabrikkar både i Florø og i Ålesund. Johan Gotteberg dreiv hermetikkfabrikken på Seternes til den vart bomba og øydelagd under Måløy-raidet 3. juledag 1941. Tomta med kai vart på 1960 m.a. nytta til ny fylkesyrkesskule i Måløy.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.06.2008