Hopp til innhold
X
Innhald

Nordfjord-futen budde på Maurstad

Maurstad. Foto: Asgeir Reksnes, NRK.

Maurstad. Foto: Asgeir Reksnes, NRK.

Garden Maurstad på Bryggja var ei tid på 1500-talet bustad for futen i Nordfjord. I 1557 vert det fortalt at futen Christen Skriver fekk løyve til å nytte Maurstad, som då var eigd av kongen, som futegard. Truleg budde han der til han døydde ca. 1564.

Elles budde Nordfjord-futane for det meste på Eide i Gloppen (sjå: Høvding- og futegarden Eide) og på Davik (sjå: Futar og diktarprestar på Davik).

I 1642 dreiv futen Peder Lauritson Horsens (fut i Nordfjord 1642-1648) gardbrukarane bort frå Maurstad ved å skulde dei for ulovleg skogshogst. I 1648 fekk han hand om heile Maurstad, og dreiv den til kring 1668. Det er uvisst om han sjølv budde på Maurstad, for han vart sorenskrivar i Sunnfjord etter nokre år.

Skaffa fleire gardar

I 1710 vart Christen Rue (ca. 1681-1761) frå den danske embetsmannsætta Rue eigar av Maurstad og busette seg der. Han skaffa seg mange gardar i tillegg. Han måtte gje frå seg gardane i 1728 etter ei sak der han hadde kausjonert for slektningen, fut Hans Nilsson Rue, som var hamna i økonomiske vanskar.

Selje-presten Søren Madsen vart kjøpar. Sjølv levde Christen Rue som bygselmann på Maurstad etter dette. Garden vart lenge kalla «Ruegarden». Ei tid frå 1692 budde også den avsette Nordfjord-futen Mads Bjørnschou i Hessevik på Bryggja, før han flytta til Bergen og starta som sakførar (prokurator) - sjå: Futar og diktarprestar på Davik).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.04.2010