Hopp til innhold
X
Innhald

Nordfjord og Sunnmøre Billag i Vågsøy

Anlegget til Fjord1 Nordfjord - Ottadalen i Deknepollen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Anlegget til Fjord1 Nordfjord - Ottadalen i Deknepollen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

L/L Nordfjord og Sunnmøre Billag vart skipa i 1914. I 1937 kom Davik kommune med som aksjonær, for året etter vart riksvegen vestmed fjorden opna heilt fram til Bryggja. I 1945 vart riksvegen mot Måløy opna heilt fram til ferjeleiet i Deknepollen. I 1948 vart dermed Sør-Vågsøy kommune aksjonær i N&SB saman med Selje kommune.

Litt etter 1950 vart også Nord-Vågsøy medeigar i Nordfjord og Sunnmøre Billag. Dei nordlege bygdene på Vågsøya hadde til då vorte trafikkerte av nokre små, lokale rutebilselskap som vart drivne av Samuel Sørland, Reinhart Solstad og Henrik Myhre. Kring 1950 bygde billaget garasje og verkstad like aust for ferjeleiet i Deknepollen, og i 1985 vart dette anlegget erstatta av eit nytt serviceanlegg med bensinstasjon lengre aust. Same året skipa billaget eit eige driftsselskap, Nordfjord Bilservice AS, som overtok både anlegget i Deknepollen og andre eigedomar som laget hadde bygt i Stryn, på Nordfjordeid og på Stadlandet.

Ekspressbussrute til Oslo

I 1969 fekk Nordfjord og Sunnmøre Billag løyve til å starte prøvedrift med ei nattrute med buss frå Nordfjord til Otta, og i juni 1975 starta Nordfjord og Sunnmøre Billag i samarbeid med Ottadalen Kommunale Billag og NSB den første ekspressbussruta frå Nordfjord til Oslo. Inntil den nye heilårsvegen over Strynefjellet vart opna i 1978 vart ruta berre trafikkert i sommarhalvåret fram til 30. september. Turen tok den gongen 12 timar. I Stryn var det korrespondanse med buss til og frå Sandane. Ruta gjekk dei første åra med buss berre til Otta, der det var omstiging til tog. Grunnen til dette var at Stortinget den gongen var sterkt opptekne av å skjerme NSB – Norges Statsbaner – mot konkurrerande parallellkøyring med rutebussar der NSB trafikkerte. På 1980-talet endra synet på slik konkurranse seg, og ekspressbussane frå Nordfjord har sidan køyrt heilt fram til Oslo.

Sidan 1988 har selskapet vore tilslutta rutesamarbeidet Norway Bussekspress.

Selskapet er no overteke av Fjord1 og heiter Fjord1 Nordfjord - Ottadalen AS.

Les meir detaljert historie om selskapet i artikkelen Nordfjord og Sunnmøre Billag L/L

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.01.2010