Hopp til innhold
X
Innhald

Ny epoke då vintersilda svikta

Måløy-båten Hoddevik på veg mot land fullasta med sild. Eigaren Otto Hoddevik og mange andre måtte gå etter andre fiskeslag og  andre farvatn då vintersilda svikta i 1958.

Måløy-båten Hoddevik på veg mot land fullasta med sild. Eigaren Otto Hoddevik og mange andre måtte gå etter andre fiskeslag og andre farvatn då vintersilda svikta i 1958.

I 1958 svikta vintersilda, og «sildeeventyret» var slutt. Då storsilda svikta, fekk sildoljeindustrien råstoff frå sildefisket på Island, og frå midten på 1960-talet frå det nye snurpefisket etter sild og makrell i Nordsjøen.

Ringnotbåtane vart då utstyrte med den nye innhalingsvinsjen kraftblokk. Det uvande utstyret på relativt små snurpebåtar førde til at fleire fiskebåtar m.a. frå Vågsøy kantra og forliste under dette kraftblokk-fisket.

Pigghåfisket

Men for fiskeflåten i Vågsøy vart det først og fremst pigghåfisket på dei norske bankane og ved Shetland som berga både dei og fiskeindustrien i Måløy då storsilda svikta kring 1960. Frå Måløy hadde det vore drive eit omfattande pigghåfiske heilt frå 1920-talet også, men frå 1960-talet gjekk det føre seg i fjernare farvatn.

Sesongfiske

Fisket gjekk sesongvis også føre seg i Skagerrak og Oslofjorden, men frå midten av 1960-talet i hovudsak kring Shetland, Orknøyane, Hebridane og Rock All. Hovudmarkedet for pigghå var no som i mellomkrigsåra Storbritannia. Måløy-flåten fiska sesongvis også rundfisk (lange og brosme) på dei same bankane. Banklinebåtane fekk på denne tida innebygde egnehus bak, og halvt overbygde dekk framme.

Kolmule er eitt av fiskeslaga som held liv i Måløy. Dette er frå ein fangst levert til Måløy Sildoljefabrikk, med ein einsleg uer som bifangst. Foto: Arild Nybø, NRK.

Kolmule er eitt av fiskeslaga som held liv i Måløy. Dette er frå ein fangst levert til Måløy Sildoljefabrikk, med ein einsleg uer som bifangst. Foto: Arild Nybø, NRK.

Stor omlegging

i Skaar & Co og Knut Domstein i R. Domstein A/S stod sentralt i den omlegginga som Måløy-industrien gjorde frå starten av «pigghå-epoken» på 1960-talet gjennom omlegginga til sild- og makrell frå Nordsjøen og klippfisk som hovudprodukt frå 1970-talet og inn i glanstida for laksenæringa, som starta for alvor på 1980-talet.

Nye fryseanlegg

I stordomstida for pigghåfisket på 1960-1970-talet, vart det bygd ei rad avanserte fryseanlegg i Måløy som heldt temperaturar på minus 30-40 grader Celsius. Då Japan opna seg som ein stor marknad for makrell kring 1980, vart desse fryseria Måløys store konkurransefortrinn: Ingen i Noreg kunne tilby tilsvarande frysekvalitet på makrellen som Måløy-bedriftene.

Mannskapet gjer klar nota på Fiskerikaia i Måløy. Foto: Arild Nybø, NRK.

Mannskapet gjer klar nota på Fiskerikaia i Måløy. Foto: Arild Nybø, NRK.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.04.2010