Hopp til innhold
X
Innhald

O. Nygård

Hugo Farstad-butikken. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hugo Farstad-butikken. Foto: Ottar Starheim, NRK.

O. Nygård starta urmarkarforretning i Måløy på slutten av 1800-talet.

Firmaet heitte O. Nygård og søn. Dottera Cevera Nygård overtok seinare forretninga. Hugo Farstad frå Ålesund kom inn som medeigar på slutten av 1930-talet. I 1949 starta Hugo Farstad eiga urmakar- og optikkforretning, medan Cevera Nygård heldt fram med urmakarforretninga si i Ulf Lem sine tidlegare eigedomar på Skram til ho døydde.

Hugo Farstad tok inn sonen Johan som medeigar i 1974, og vareutvalet er utvida med gullsmedvarer og fotolaboratorium. I 1998 flytta forretninga inn i nye lokale ved Torget.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.04.2010