Hopp til innhold
X
Innhald

Olaf Didriksson Refvik

Refvik dreiv fiskehandel og landhandel i Refvik 1902-1912. Oppsynsbetjent 1912-1933 og lensmann  frå 1917 til 1933.

Olaf Didriksson Refvik (1875-1933) frå Refvik. Bonde, handelsmann og politikar. Han hadde gått mellomskule og folkehøgskule før han tok over farsgarden i 1893.

Refvik dreiv fiskehandel og landhandel i Refvik 1902-1912. Oppsynsbetjent 1912-1933 og lensmann frå 1917 til 1933.

Refvik var medlem av Selje kommunestyre før kommunedelinga i 1910, og vart ordførar i Nord-Vågsøy 1910-1917 og 1926-29. Vararepresentant for Høgre på Stortinget 1931-1933, og møtte på Stortinget i 1932.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.04.2010