Hopp til innhold
X
Innhald

Omkomne frå Vågsøy i krigsforlis

Garman Holte omkom då hortigruteskipet Irma vart senka.

Garman Holte omkom då hortigruteskipet Irma vart senka.

M/S «Store Bill» tilhøyrande Firda Canning i Måløy, vart i 1942 bomba av russiske fly i Honningsvåg. Heile mannskapet på fem omkom, fire av desse frå Vågsøy og ein frå Innvik.

Irene Strand

(1916-1943) frå Måløy omkom i Sanct Svithun-forliset - då hurtigruteskipet forliste ved Stad. Ektemann og to barn vart berga.

Hurtigruteskipet «Irma»

Då hurtigruteskipet «Irma» vart senka på Hustadvika 1944, omkom Odd Solheim og Garman Holte frå Måløy.

Rutebåten «Havda»

vart bomba ved Askvoll 1944. Astrid Onarheim frå Måløy omkom.

Ruteskipet «Framnæs»

Fylkesbaatane sitt ruteskip «Framnæs» vart bomba ved Kjelkenes 8. november 1944 (sjå Krigshistoria i Bremanger). Johan M. Nybakk frå Refvik var blant dei omkomne.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 22.04.2010