Hopp til innhold
X
Innhald

Realskular i Måløy og på Raudeberg

På dette biletet frå tidleg på 1900-talet ser vi Skram skole i nedre høgre bilethjørne. Her heldt realskulen til frå 1920.

På dette biletet frå tidleg på 1900-talet ser vi Skram skole i nedre høgre bilethjørne. Her heldt realskulen til frå 1920.

Måløy Kommunale Realskole vart skipa i 1913. Den heitte dei første åra Moldøens Middelskole. Frå starten og til 1945 vart skulen driven som privatskule av Torgils Gravir. Den heldt først til i ”sjukehuset” på Skram, deretter i bakar Paulsens bygg ved Torget før den i 1920 fekk plass i den nybygde Skram skule.

Realskulen fekk eksamensrett i 1938. Før den tid måtte elevane reise til Bergen, Florø eller Ålesund for å ta eksamen.

Dei første åra hadde skulen berre med elevar frå Sør-Vågsøy. Men i 1945 vart den kommunal, og frå 1946 var den open for elevar frå heile ytre Nordfjord. Realskulen i Måløy vart lagd ned då Vågsøy komune innførde ungdomsskule i 1965.

På Raudeberg vart det også sett i gang ein realskule i krigstida. Den vart driven berre i fem-seks år. Deretter vart elevane sende til realskulen Måløy. For å kome dit fekk dei fri skuleskyss, noko som ikkje var vanleg tilbod i åra like etter krigen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.04.2010