Hopp til innhold
X
Innhald

Rende i senk og stakk av

I 1913 drukna fire mann frå Hunskår, ein mann frå Kvalheim på Vågsøy og ein mann frå Randabygda i Stryn då motorbåten ”Signal” kom bort under fiske ved Kråkenes den 14. februar.
Skipsmasta rak i land på Hoddevika. Det heile var eit mysterium, for veret hadde vore fint. Men forklaringa kom mange år seinare: Visse ting tyder på at båten vart rent i senk av eit tysk krigsskip. Det var ein tysk sjømann som på dødsleiet fortalde til ein norsk sjømannsprest at dei hadde rent ned ein norsk fiskebåt i desse farvatna, utan å stoppe og hjelpe.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.04.2010