Hopp til innhold
X
Innhald

Sakarias Dybedal

S. Dybedal på Almenning. Foto: Ottar Starheim, NRK.

S. Dybedal på Almenning. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sakarias Dybedal frå Selje starta landhandel i Almenning i 1908.

Han vart poststyrar og dampskipsekspeditør og bygde kai i 1917. Sonen Olav tok over i 1938 og bygde ny butikk i 1941, medan systera Gunvor tok over posten etter 2. verdskrig. Olavs son Steinar Dybedal tok over butikken i 1955. Dybedal slutta med daglegvarer i 1985, og har sidan drive sal av sprengstoff og boreutstyr, kunstgjødsel og formjøl. Verksemda vart omgjort til AS i 1995.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.04.2010