Hopp til innhold
X
Innhald

Skavøypoll

Skavøypoll skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skavøypoll skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skavøypoll fekk første skulehuset i 1896. Grenda Kulen freista fleire gonger mellom 1911 og 1923 å verte eigen krins, men fekk berre godteke ein vinterskule i åtte veker i 1919. Nytt skulehus for Skavøypollen krins vart bygt i 1955, og då vart også tidlegare Saltkjel krins ved Ulvesundet sentralisert til den nye skulen. Skulen i Skavøypoll vart sjudelt i 1957.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.04.2010