Hopp til innhold
X
Innhald

Skipsreiar Jakob Kjøde

Fiskerianlegget til Kjøde på Vågsberget på 1920-talet.

Fiskerianlegget til Kjøde på Vågsberget på 1920-talet.

Skipsreiar Jakob Kjøde frå Bergen grunnla i 1928 eit stort fiskerianlegg på Vågsberget.

Anlegget gjekk seinare over til skipsreiarfamilen Horn og Kjødes svigerson, skipsreiar Johan Horn i Bergen. På 1950-talet sysselsette fabrikkane 100 arbeidarar med sildesalting, fiskemjøl, hermetikkfabrikk m.m.

Fiskerianlegget til Kjøde på Vågsberget på 1920-talet.

Fiskerianlegget til Kjøde på Vågsberget på 1920-talet.

I storsildsesongen vart husa på det gamle handelssetet Vågsberget brukt som losjihus for arbeidarar. På eigedomen vart det også bygd opp ein stor revefarm.

På 1960-1970-talet brukte Nordfjord laksestyre ei sjøbukt på området til oppbevaring av stamlaks. Vågsberget vart på 1970-talet føreslått som oljeforsyningsbase, men Vågsøy kommune fekk ikkje napp i den harde tevlinga.

I 1976 starta skipsreiar Horn Vågsøy Ferdigbetong AS i Vågsvåg i samarbeid med byggevarefirmaet J. Steenslid AS i Måløy. I Vågsvåg er det også pallefabrikk.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.01.2011