Hopp til innhold
X
Innhald

Skreppehandlarane frå Numedal

Forretningsbygget til Fønstelien i Gate 1. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forretningsbygget til Fønstelien i Gate 1. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Mange større forretningar både i Måløy og i Florø vart grunnlagde av omreisande skreppehandlarar. Medan fleire handelshus i Florø hadde opphavet sitt i skreppehandlarar frå Voss og Hardanger, var det folk frå Numedal som markerte seg i forretningslivet i Måløy.

Både forretningsfamilien Fønstelien og manufakturbutikken Vambeseth Eftf. hadde opphavet sitt i folk frå Numedal som kom vestover for å drive skreppehandel og féhandel. To av desse kom frå Uvdal i Numedal og heitte Erik Fønstelien og Hans Hansen Støbet. Hans Hansen Støbet (1842-1933) gifta seg med jordajenta Synnøve J. Vambeset i Gloppen. Paret fekk tre søner og ei dotter. Ein av sønene heitte Jakob (f. 1876). Han tok etternamnet Vambeseth.

I 1900 slo Jakob Vambeseth seg saman med skreppekaren Erik Fønstelien og starta klesbutikk i ”Årdals-kjellaren” i Måløy. I 1905 bygde dei ein stor trebygning like ved Torget og flytta forretninga over dit.

Fønstelien og Vambeseth skilde etter nokre år lag. Fønstelien for sin del heldt fram med butikken ved Torget. Der var det også bok- og papirhandel i tillegg til manufaktur. Sonen Reidar Fønstelien tok seinare over som leiar for verksemda. Fønstelien-butikkane vart kring 1970 utvida med forretningsbygg på øvre sida av Gate 1, der Petter Verlo tidlegare hadde drive kjøtforretning, og med eit handels- og kontorbygg mot sjøen. I 1904 var Erik Fønstelien medskipar av Nordfjord Torskemel- og Guanofabrikk A/S på Trollebø , det som seinare utvikla seg til ein stor sildoljefabrikk som Måløy Sildoljefabrikk seinare overtok.

Saman med svogeren, Kristian M. Midthjell, bygde Fønstelien også ein guanofabrikk på Kulen. Her vart sonen til grunnleggjaren, Arvid Midthjell, seinare styrar. Denne fabrikken vart lagd ned under 2. verdskrig. Fønstelien-forretningane i Måløy sentrum vart avvikla på 1980-talet.

Forretningsgarden til J. Vambeseths Eftf. i Gate 1 til venstre. Midt på biletet ser vi Framsteg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forretningsgarden til J. Vambeseths Eftf. i Gate 1 til venstre. Midt på biletet ser vi Framsteg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Jakob Vambeseth starta eigen butikk

Etter skilsmålet med Erik Fønstelien heldt Jakob Vambeseth fram med manufakturhandel. Han gav seg som forretningsmann i Måløy i 1923 og flytta heim til Gloppen. Han overlet forretninga til ei av dei tilsette, Helene (Lina) Indrevær, som saman med ektemaken Ludvik dreiv manufakturhandelen under firmanamn J. Vambeseths Eftf. Dei bygde i 1928 ein større murbygning litt lengre sør i Gate 1 og flytta forretninga dit. Dei dreiv på til 1960 då forretninga gjekk konkurs. Brunsvik leigde deretter forretningslokalet og flytte skobutikken sin over dit. Brunsvik kjøpte eigedomen på 80-talet. Huset er kjend under nemninga ”Indrevær-huset”.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.10.2012