Hopp til innhold
X
Innhald

Soga om Iva Ottesen Frislid og namnet Ivahavet

Moldøen - eller Måløyna - gav namnet til byen. Dette biletet er teke ca. 1950. Då var det bygt molo mellom Sæternes og Moldøen. Foto: Mons Totland. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Moldøen - eller Måløyna - gav namnet til byen. Dette biletet er teke ca. 1950. Då var det bygt molo mellom Sæternes og Moldøen. Foto: Mons Totland. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I 1750 vart det fødd ein mann frå Heggjabygda i Eid kommune som skulle få ei fargerikt liv som soldat i Kongens klær – og som vart opphavet til stadnamnet Ivahavet – ei grunn vik i Deknepollen:

Åtvara kongen mot komplott

Som ung vart Iva (Iver) Ottesen Frislid utkommandert til militærteneste og hamna saman med ein sambygding i Kongens livgarde i København. Segna seier at dei to nordfjordingane skal ha åtvara kongen mot eit komplott som var sett i scene av dronninga og elskaren hennar, kongerådgjevar og greve Johann Freidrich Struensee. Struensee fall i unåde og vart avretta saman med ein medsamansvoren.

Miste farsarven

Men i København vart Iva alvorleg sjuk – så sjuk at kameraten sende brev heim til Heggjabygda om at Iva var død. Men han var nok for tidleg ute med meldinga: Iva friskna til att og drog heim for å få sin del av farsarven; berre for å oppdage at arven var delt.

Bitter reiste Iva til Bergen, der vener rådde han til å gifte seg med ei velståande enkje i Deknepollen, Inge Monsdotter Uren. Det vert giftarmål, og Iva vart skysskaffar, og fekk dessutan i oppgåve å vere vardevakt for dei militære vardane kring Ulvesundet.

Grunnrik på sild

Ein gong seig det inn enorme mengder sild på den grunne pollen framfor garden til Iva i Pollja. Iva stengde av med ei not, og vart liggjande og ause sild i månadsvis til han ikkje orka meir. Iva vart grunnrik, og bukta har sidan vorte kalla Ivahavet.

Vitne til sjøslag

Ein av sønene til Iva heitte Rasmus. I 1810 var han til fjells og gjette for ulv.Der oppe fekk Rasmus orkesterplass til sjøslaget mellom norske marinebåtar og to engelske fregattar kring Osmundsvåg og Silda – slaget som seinare har vorte kalla «Affæren ved Silden» (sjå dette under Krigshistoria i Vågsøy).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.04.2010