Hopp til innhold
X
Innhald

Sølvi Helen Hopland Aemmer

Sølvi Helén Hopland i NRK-studio. Foto: Stian Sjursen Takle, NRK.

Sølvi Helen Hopland Aemmer i NRK-studio. Foto: Stian Sjursen Takle, NRK.

Sølvi Helen Hopland Aemmer, fødd 1966 i Osmundsvåg. Songar, lærar og fyrvert. Ho skriv og syng songar på nynorsk og nordfjorddialekt med mellommenneskelege og kristne tekstar. Ho har gitt ut soloplatene «Flyg lavt over livet» (1996), «Den er min venn» (1998), «Ein løvetann» (2001), «Fyrlys – Live frå Ulvesund fyr» (2004), «Vengespenn» (2007) og «Dur og moll» (2017). I tillegg har ho gitt ut to samleplater og delteke på plateutgivingar saman med andre.

Sidan 2003 har Hopland Aemmer bygd opp eit reiselivstilbod med kafé og overnatting på Ulvesund fyr på Hjertenes nær Måløy.


Peikar

Ulvesund fyr, ulvesundfyr.no

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.09.2019