Hopp til innhold
X
Innhald

Spritbåten ”Venus”

Spritbåten Venus forliste ved Hendaneset litt til høgre for midten av biletet. Kvalheimsvika inn til venstre og Torskangerpollen midt imot. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Spritbåten Venus forliste ved Hendaneset litt til høgre for midten av biletet. Kvalheimsvika inn til venstre og Torskangerpollen midt imot. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1931 forliste den engelske trålaren Venus på Kvalheimsvika ved Hendaneset fyr og fem mann omkom.

Trålaren hadde minst 18.000 liter smuglarsprit ombord. Mykje av dette vart berga av bygdefolket, som hadde smuglarsprit for mange år frametter!

To av mannskapet på Venus overlevde. Dei vart førde til Kristiansund og dømde av norske styresmakter for storsmugling.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.04.2014