Hopp til innhold
X
Innhald

Stad Offshore Management AS

Stad Offshore Management AS vart skipa på Raudeberg i 2006 av m.a. Nils Ove Sæle, Jan Søvik og Gerhard Kvalheim.

Selskapet står for teknisk og operativ drift av oljeforsyningsfarty som andre reiarar eig. Stad Offshore Management (SOM) held til i Maritim Næringspark AS på Raudeberg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.04.2010