Hopp til innhold
X
Innhald

Sverre Skibenes

Sverre Skibenes (1906–2000) frå Måløy. Forretningsmann i firmaet Skibenes & Søn A/S, og sentral motstandsmann under 2. verdskrig. Han vart arrestert etter Telavåg-opprullinga 1942, og sat i Tyskland til krigsslutt.

Skibenes var teknisk interessert, og han konstruerte kring 1925 ein radio som han ville setje i serieproduksjon – truleg den første radioen i Sogn og Fjordane.

Seinare grunnla han saman med Bjarne Osmundsvåg Måløy Radioforretning, som bygde i alt 50 radiosendarar for fiskebåtar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.04.2010