Hopp til innhold
X
Innhald

Tall Ships Races

Måløy under Tall Ships Races. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Måløy under Tall Ships Races. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Frå 1. til 4. august 2008 var Måløy ei av fire vertshamner for det verdsomspennande arrangementet Tall Ships Races. I alt vitja kring 100 store seglskip Måløy på desse dagane. Skipa kom seglande frå Liverpool og gjekk vidare til Bergen. Etter dagane i Måløy vart skipa spreidde til fleire gjestehamner i Sogn og Fjordane før dei sette kursen sørover på seglasen.

Tilskipinga gjekk med 16 millionar kroner i underskot, noko som førde kommunen opp i store økonomiske problem.

Tall Ships Races vart ein folkefest som seint blir gløymd - av mange grunnar. Foto: Erlend Blaalid Oldeide, NRK.

Tall Ships Races vart ein folkefest som seint blir gløymd - av mange grunnar. Foto: Erlend Blaalid Oldeide, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.04.2010