Hopp til innhold
X
Innhald

Torskefiskeriet

Ein femkeiping på fiske på Torskangerpollen i 1922.

Ein femkeiping på fiske på Torskangerpollen i 1922.

I Torskangerpollen og på Kvalheimsvika gjekk det frå 1890 og fram til ca. 1920 føre seg eit eventyrleg torskefiskeri.

På dette biletet teke frå Kråkenesfjellet ser vi Torskangerpollen rett fram, medan Kvalheimsvika er inn til venstre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På dette biletet teke frå Kråkenesfjellet ser vi Torskangerpollen rett fram, medan Kvalheimsvika er inn til venstre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Første sjøbua vart reist i 1863, og i 1920 stod det ialt 42 sjøbuer, åtte båtnaust og 20 bustadhus kring pollen. Ei stor samling av dei gamle sjøhusa er tekne vare på. Nokre av dei vert leigde ut til turistar på rorbuferie.

Sjøbuene i Torskangerpollen har dei siste åra vorte nytta som behandlingsstad for ungdom med rusproblem.

Sjøbuene i Torskangerpollen. Foto: Arild Nybø, NRK.

Sjøbuene i Torskangerpollen. Foto: Arild Nybø, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.04.2010