Hopp til innhold
X
Innhald

Toyota Nordfjord AS

Toyota Nordfjord i Deknepollen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Toyota Nordfjord i Deknepollen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Toyota Nordfjord AS i Deknepollen vart skipa i 1989 av Bjarne Solvang, då men namnet Allbil Måløy AS. Med utvidingar i 2008 har firmaet i alt kring 2000 kvadratmeter sals- og verkstadlokale i Deknepollen. I 2004 opna firmaet ei avdeling i Stryn.

I 2009 kjøpte Toyota Nordfjord Toyota-forhandlaren i Førde, Toyota Førde, sjå Autokarosseri A/S. I 2012 var den samla omsetnaden på 170 millionar kroner. Toyota Nordfjord hadde 13 tilsette i Måløy, 10 i Stryn og 24 i Førde i 2013.

Toyota Nordfjord i Stryn. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Toyota Nordfjord i Stryn. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.02.2014