Hopp til innhold
X
Innhald

Tytingvåg

Skulehuset i Tytingvåg.

Skulehuset i Tytingvåg.

Tytingvåg hadde omgangsskule med felles krins med Husevåg, Oldeide og Krabbestig heilt fram til 1890-talet. Både lærar og ungar måtte klive over fjell og ro over farlege fjordar for å kome seg på skulen.

I 1890 vart det kjøpt ei gamal røykstove i Gloppen. Denne vart sett opp som skulehus i Tytingvåg og var i bruk til nytt skulehus vart bygt i 1926. Gangsøy krins overtok då den gamle ”Gloppen-stova” som skulebygg på si øy.

Skulen i Tytingvåg var i drift til midt på 1980-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.04.2010