Hopp til innhold
X
Innhald

Ulrik Kvalheim

På 1950-talet var dette største fiskeforedlingsbedrifta i Måløy.

Ulrik Kvalheim (1888-1969) frå Kvalheim, busett i Måløy. Fisketilverkar. Han grunnla i 1922 fiskeriverksemda Kvalheim & Co. i Måløy saman med svigerbrørne Isak Kvalheim og Johan Kvalheim - (sjå og artikkel om Kvalheim & Co.).

På 1950-talet var dette største fiskeforedlingsbedrifta i Måløy.

Johan Kvalheim var disponent i selskapet og stod m.a. for sal, Isak Kvalheim var den teknisk kunnige, og utvikla m.a. platefrysteknikken for sild og fisk. Ulrik Kvalheim tok seg i hovudsak av drift, m.a. av eit stort trandamperi.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.03.2010