Hopp til innhold
X
Innhald

Ulukker i Vågsøy

Havet har gitt folk i Vågsøy livsgrunnlag, men det har og teke mange menneskeliv. Dette biletet syner MS ”Bueland” på Stadhavet, på veg for å vere med på å berge mannskapa på fiskebåtane ”Løven” og ”Flistraneset” som var i havsnaud i vind av orkan styrke på slutten av 1940-talet. Foto: Isak Holvik. Eigar: Didrik Nybakk/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Havet har gitt folk i Vågsøy livsgrunnlag, men det har og teke mange menneskeliv. Dette biletet syner MS ”Bueland” på Stadhavet, på veg for å vere med på å berge mannskapa på fiskebåtane ”Løven” og ”Flistraneset” som var i havsnaud i vind av orkan styrke på slutten av 1940-talet. Foto: Isak Holvik. Eigar: Didrik Nybakk/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Større ulukker eller ulukker under spesielle omstende i Vågsøy, ordna etter årstal:

1756

I 1756 omkom fire tenestedrengar på handelsstaden Moldøen.

1760

I 1760 drukna to gardbrukarar frå Brubakke på Bryggja under vinterfisket.

1766

I 1766 drukna tre menn frå Almenning og Falkevik på fiske då båten deira kantra.

1778

I 1778 omkom tre fiskarar frå Måløy og Deknepollen.

1786

I 1786 omkom seks fiskarar frå Nord-Vågsøy på vinterfiske.

1790

I 1790 berga folk på ytre Vågsøy den skotske sluppen Elisabeth, som dei oppdaga drivande med rivne segl ute i havet. I ein sundslegen livbåt låg ein død matros. Resten av mannskapet hadde også omkome.

1794

I mai 1794 omkom seks fiskarar frå Vågsøya og Saltkjel.

1795

I 1795 omkom tre fiskarar frå Kvalheim og Kråkenes på vinterfiske.

1803

I 1803 drukna tre fiskarar, to frå Raudeberg og ein frå Halsør, på Flatrakevika.

1808

I 1808 drukna ein far og son frå Seternes under fiske.

1817

I 1817 omkom fire menn, to frå Kvalheim og to frå Kjølsdalen, då to fiskebåtar kolliderte og sokk ved Skongsneset.

1822

I 1822 omkom sju fiskarar i ulukker i mars og august.

1829

I februar 1829 omkom fem fiskarar frå Nord-Vågsøy i ein storstorm, og same året i november omkom fem mann frå Kråkenes i uver ved Vågsberget.

1831

I juli 1831 omkom fire fiskarar frå Måløy vest for Vågsøy. Den femte vart berga etter fire døgn på båtkvelvet.

”Havet gav og havet tok” står det på dette minnesmerket over omkomne på havet ved Sør-Vågsøy kyrkje. Foto: Ottar Starheim.

”Havet gav og havet tok” står det på dette minnesmerket over omkomne på havet ved Sør-Vågsøy kyrkje. Foto: Ottar Starheim.

1835

I 1835 omkom fem menneske då dei kollsiglde i orkan på veg frå Osmundsvåg til Raudeberg. Om redningsråden til Ole Hansson Trollebøe og mannskapet hans i 1835 – sjå Ole Hansson Trollebøe .

1838

I 1838 omkom tre drengar på Vågsberget på fiske.

1843

I juli 1843 omkom i alt ni mann frå Måløy og Raudeberg på fiske.

1847

vart eit stort ulukkesår: I januar omkom seks sildefiskarar frå Våge, i februar fire mann frå Refvik på garnfiske, i april tre fiskarar frå Vedvik og Hagevik.

1848

I desember 1848 omkom fire mann frå Blålid då ein sekskeiping kollsigla ved neset Helen ved Hornelen. Dei hadde vore på seifiske ved Bremanger. Ei minnetavle om ulukka er sett opp ved kyrkja i Måløy.

1852

I 1852 omkom seks mann frå Gotteberg på seifiske ved Bremanger.

1854

I 1854 drukna far og son frå garden Husevåg på Husevågøya.

1862

I 1862 omkom den vidgjetne losen Velom i Sildene og fem andre då dei skulle berge den stormslitne skonnerten «Marie» ved Silda.

1864

I 1864 vart soldaten Peder Jakobsen Husvåg frå Husvågøy ihelstukken under ei militærøving på Ulven ved Bergen.

Storbrannen i Refvik

Brannen i gardstunet i Refvik i 1872 la 86 hus i oske.

1876

I 1876 drukna sju menneske frå Bryggja - fire menn, tre kvinner og eit spebarn - då båten deira kollsiglde på veg til barnedåp i Rugsundkyrkja. Dei omkomne kom frå frå Totland og Brubakke (ekteparet på Brubakke kom opphaveleg frå Stårheim). Ein mann, ein jente og ein gut berga seg på kvelvet.

1878

I 1878 drukna fem menn frå Stryn då dei var på veg tilbake til fiskefelta ved Vågsvåg etter eit rangel på ei skjenkestove på Raudeberg.

1880

I 1880 drukna to unge menn frå Gotteberg då fiskebåten deira vart kvelvd av ein kval.

1901

I 1901 omkom fire fiskarar frå Refvik.

Ved Nord-Vågsøy kyrkje er det eit minnesmerke over fiskarar som har mist livet på havet, mellom anna ulukkene i 1901 og 1906 og ”Seilfjell”-forliset i 1971. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ved Nord-Vågsøy kyrkje er det eit minnesmerke over fiskarar som har mist livet på havet, mellom anna ulukkene i 1901 og 1906 og ”Seilfjell”-forliset i 1971. Foto: Ottar Starheim, NRK.

1903

I 1903 drukna far og tre søner frå garden Husevåg på Husevågøy under fiske.

1906

I 1906 drukna fem mann frå Nord-Vågsøy på linefiske ved Kråkenes.

Rende i senk og stakk av

I 1913 drukna fire mann frå Hunskår, ein mann frå Kvalheim på Vågsøy og ein mann frå Randabygda i Stryn då motorbåten «Signal» kom bort under fiske ved Kråkenes den 14. februar.

1927

I 1927 forliste fiskeskøyta ”Sjøfuglen”, og tre unge menn frå Rimstad, Nore og Maurstad omkom.

Fem omkom i spritsmuglarforlis

I 1931 forliste den engelske trålaren Venus ved Hendaneset. Fem mann omkom. Dette var i «forbodstida», og trålaren hadde minst 18.000 liter smuglarsprit ombord. Mykje av dette vart berga av bygdefolket, som hadde smuglarprit for mange år frametter! To av mannskapet på Venus overlevde. Dei vart førde til Kristiansund og dømde av norske styresmakter for storsmugling.

1951

Fire menneske omkom då eit bustadhus i Holvik i Vågsøy brann ned i 1951.

1952

I 1952 omkom to menn frå Måløy då snekka deira forliste ved eit grunnbrot utanfor Vågsvåg.

1953

I 1953 omkom to menn frå Kulen då fiskesnekka deira vart rend i senk av ein lastebåt like sør for Måløystraumen.

1954

I 1954 omkom tre menn frå Måløy då fiskebåten ”Anker” forliste på fiskebanken Aktivneset.

Skulebussen hamna på taket etter å ha vorte blesen av vegen ved Refvikvatnet i 1961.  Ein stein hindra at bussen rulla vidare ned mot vatnet. Ukjend fotograf. Eigar: Fjord1 Nordfjord og Ottadalen AS.

Skulebussen hamna på taket etter å ha vorte blesen av vegen ved Refvikvatnet i 1961. Ein stein hindra at bussen rulla vidare ned mot vatnet. Ukjend fotograf. Eigar: Fjord1 Nordfjord og Ottadalen AS.

Skulebuss teken av vinden

I mars 1961 vart ein skulebuss frå Nordfjord og Sunnmøre Billag teken av stormen og blesen utfor vegen i dei stupbratte Kvalheimssvingane ved Refvikvatnet. Korkje sjåføren eller dei to skuleelevane om bord kom til skade.

1969

15. mars 1969 omkom tre menn då banklinebåten «Vikegg» frå Vågsøy gjekk ned i Nordsjøen.

Linebåten ”Seilfjell” som forliste på Vikingbanken i 1971. Foto utlånt av Roger B. Silden.

Linebåten ”Seilfjell” som forliste på Vikingbanken i 1971. Foto utlånt av Roger B. Silden.

I januar 1971

gjekk linebåten «Seilfjell» frå Silda ned i storm på Vikingbanken. Ni mann omkom – seks av dei frå den vesle øya Silda, og alle i familie med kvarandre. Dei andre tre var frå Runderheim i Selje kommune. I 1984 vart det funne vrakdelar frå båten på 370 meters djup nordvest av Utvær fyr i Solund i samband med oppryddingsarbeid på havbotnen.

1981

I september 1981 omkom tre unge menn då ein bil køyrde utfor vegen mellom Måløy og Raudeberg og hamna i sjøen.

2012

I 2012 omkom ein mann i ein husbrann i Måløy.

2013

I mars 2013 miste ei 49 år gamal kvinne livet i ei trafikkulukke på riksveg 15 ved Bryggja.

Ei kvinne omkom i ein kollisjon på riksveg 15 ved Bryggja 28.mars 2013. Foto: Bjarne Eldevik.

Ei kvinne omkom i ein kollisjon på riksveg 15 ved Bryggja 28.mars 2013. Foto: Bjarne Eldevik.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.01.2014