Hopp til innhold
X
Innhald

Vågsøy Musikk- og kulturskule

Vågsøy kommune var ein av dei første kommunane i Sogn og Fjordane som satsa på profesjonell musikkundervisning. Då Vågsøy ungdomsskule kom i gang i 1965, vart Harald Oppedal tilsett som musikklærar. Tidleg på 1970-talet vart han tilsett som kommunal sang- og musikklærar, og dette la grunnlaget for utvikling av den kommunale musikkskulen som på det meste har hatt kring 200 elevar.

Musikkskulen har satsa mykje på musikkbarnehagar og aspirantopplæring, og har desentralisert undervisning kringom i bygdene i Vågsøy.

No heiter skulen Vågsøy Musikk- og kulturskule og har også hatt undervisning i biletkunst.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.01.2010