Hopp til innhold
X
Innhald

West Dykkerservice AS

Flåten til West Dykkerservice samla i Måløy. Foto: West Dykkerservice.

Flåten til West Dykkerservice samla i Måløy. Foto: West Dykkerservice.

West Dykkerservice AS vart skipa i Måløy i 1991 av Per Kåre Navekvien. I 2006 hadde firmaet 12 tilsette og ei omsetning på 11,5 millionar kroner. I 2009 var omsetninga auka til 35 millionar kroner, og talet på tilsette var nærare 30.

Etter store investeringar i 2009 har selskapet sju dykkarfarty. West Dykkerservice har og bygd ein stor landbase på 2500 kvadratmeter i Måløy.

Oppdrettsnæringa står for det meste av oppdraga til West Dykkerservice, som er eigd av morselskapet Mermaid AS.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.01.2016