Hopp til innhold
X
Innhald

Anders H. Tenold (Svardalen)

I dette huset dreiv Anders P. Tenold, også kalla Svardalen, butikk. Foto: O. P. Fosse. Eigar: Sittona Thingvoll. Frå ”Handel i Vik” av Arne Inge Sæbø.

I dette huset dreiv Anders P. Tenold, også kalla Svardalen, butikk. Foto: O. P. Fosse. Eigar: Sittona Thingvoll. Frå ”Handel i Vik” av Arne Inge Sæbø.

Anders H. Tenold (kalla «Svardalen») starta landhandel i Vik i 1922, etter å ha vore betjent på Vik Forbruksforening sidan 1896. I 1925 overtok Eirik Brekke og Einar Holstad denne butikken.

Tenold bygde nytt lengre opp frå Vikøyri, der det var sønene Kristian, Harald og Olaf Tenold som dreiv butikken. Firmaet heitte først A.H. Tenold, så Brødrene Thingvoll, og til sist Vik Handelslag. Forretningsbygget vart brukt til ulike utsal fram til 1963.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.06.2011