Hopp til innhold
X
Innhald

Arne Inge Sæbø

Arne Inge Sæbø fødd 1950 i Vik. Lektor og historikar. Tok i 1984 opptaket til historietidsskriftet «Pridlao», som har utvikla seg til eit av dei største tidsskrifta for lokalhistorie i landet.

Tilsett ved Vik lokalhistoriske arkiv (sjå: Kommunehistoria i Vik) i 1992. Har vore redaktør for historisk årbok for Vik sidan starten i 1984, og gjeve ut bøkene «Handel i Vik» 1997, «Segner frå Vik» 1998 og fleire bøker med gamle foto frå Vik.

Sæbø har elles vore medforfattar av historiebøkene om Ivar Refsdal, Vik Idrettslag og Vik Arbeidarparti 1919-2000.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.06.2011