Hopp til innhold
X
Innhald

Asbjørn Wold

Asbjørn Wold under NM 2013 på Dombås. Foto: Rune Fossum, NRK.

Asbjørn Wold under NM 2013 på Dombås. Foto: Rune Fossum, NRK.

Asbjørn Wold fødd 1991, frå Vangsnes. Skiskyttar. Tok sølvmedaljen i Hovudlandsrennet i 2006 og bronse i fellesstart i junior-NM 2007. I 2010 tok han sølv på fellesstarten i junior-NM. I 2012 tok han bronse på sprinten klasse 20-21 år under junior-NM i Stryn.

I senior-NM 2014 vart han nummer 13 på normalprogrammet, nummer 14 på fellesstarten og nummer 28 på sprinten, og han gjekk på lagert til Hordaland som vart nummer fire på stafetten.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.01.2016