Hopp til innhold
X
Innhald

Bær-bygda Fresvik

Fresvik Kjølelager. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fresvik Kjølelager. Foto: Ottar Starheim, NRK.

A/L Fresvik Kjølelager

A/L Fresvik Kjølelager

vart skipa i 1947 med frukt- og bærdyrkarar i Fresvik og Frønningen som aksjeeigarar. Kjølelageret vart teke i bruk i 1957, og var saman med Innvik Fruktlager (sjå "Frukt- og grønsakdyrking i Stryn") dei først i sitt slag i Sogn og Fjordane. Både 1981 og 1998 vart kjølelageret i Fresvik utvida og modernisert.

Botolv Hov

bygde i 1958 privat fryseri for bær i Fresvik. Han og fem andre i bygda hadde skipa Fresvik Bærlag i 1956. Bærdyrking i Fresvik har tradisjonar heilt tilbake til 1800-talet, då Hans Aksnes i Nærøyfjorden tok til å forhandle plantar for ein planteskule på Sørlandet. I Fresvik hadde han mange kundar for rips, stikkelsbær og solbær-plantar.

Bringebærdyrking er blitt ei viktig næring. Dette feltet finn vi i Feios. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bringebærdyrking er blitt ei viktig næring. Dette feltet finn vi i Feios. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fresvik Fruktsalslag

I Fresvik skipa 20 hageeigarar Fresvik Fruktsalslag så tidleg som i 1921. Organisert bærdyrking i Fresvik starta i 1953, og jordbærdyrking i stor stil frå 1963.

I 1966 og 1967 vart det dyrka like mykje bær i Fresvik åleine som i resten av Sogn og Fjordane til saman, og det lokale hagebrukslaget talde 60 medlemer. I 1969 produserte bygda 150.000 kilo jordbær og 10.000 kilo bringebær. Bæra frå fryselageret til Botolv Hov vart selde til konservesfabrikken Mor Monsen i Bergen.

Gartnerhallen tok over omsetnaden til Botolv Hov i 1970 og dreiv til 1997. Sidan har Hov leigd fryselageret ut til Fresvik Kjølelager, og anlegget har vorte mykje utvida.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.06.2011