Hopp til innhold
X
Innhald

Brynjulf Jung Tjønn

Brynjulf Jung Tjønn. Foto: Thomas Brun.

Brynjulf Jung Tjønn. Foto: Thomas Brun.

Brynjulf Jung Tjønn f. 1980 i Seoul, Sør-Korea, adoptert til Feios i 1982. Journalist og forfattar. Utdanna som journalist ved Høgskolen i Oslo, og er tilsett i NRK. Starta som 14-åring å skrive dikt, og debuterte i 1999 med fire dikt i "Ord for alle" frå Sogn og Fjordane Skrivelag.

Han har seinare gjeve ut dikt og noveller i fleire nasjonale tidsskrift, og gav i 2002 ut romanen "Eg kom for å elske" (Det Norske Samlaget). Romanen ”Lyden av noen som dør” (Cappelen), kom i 2008, og ungdomsboka ”I morgen skal vi sitte i solen” (Cappelen Damm) i 2009. I 2011 kom romanen ”Kinamann” (Cappelen Damm). Romanen byggjer delvis på hans eigen oppvekst som adoptert frå Korea. I 2013 gav han ut «Så vakker du er» (Cappelen Damm). For denne boka fekk han Brageprisen.

I 2014 vart han tildelt målprisen til Sogn og Fjordane Mållag. Same året fekk han kulturprisen til Vik kommune.

Jung Tjønn starta i 2001 Jung Forlag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 29.01.2021